Tilbake til alle arrangementer
Kva krev det å faktisk gjennomføre det du har bestemt deg for?
Vi har alle ting vi vil gjere og val vi veit vi bør ta. Det er grenser vi burde setje og mål vi ønskjer å nå. Likevel er det ofte eit godt stykke frå tanke til handling.
Kvifor er det slik, og kva kan vi gjere med det?
Neste nettverkstreff i Favn handlar om personleg leiarskap i praksis. Om å forstå kva som styrer vala våre, kva som held oss tilbake, og korleis vi kan bli betre til å prioritere, ta avgjerder og å handle.
Denne kvelden skal vi rette blikket mot oss sjølve:
Kva vil eg? Kva står i vegen? Og kva skal eg gjere med det?
Frå tanke til handling – personleg leiarskap i praksis
Detaljar om arrangementet kjem!

