Skrivekveld med NYSS
Finn stemma di – skrivekurs i samarbeid med NYSS
Korleis finn vi stemma vår – og korleis bruker vi ho på ein måte som skapar innsikt, ikkje støy?
I ei tid der meiningsutveksling ofte skjer raskt og hardt i digitale kommentarfelt, treng vi rom for refleksjon, presisjon og respekt. Å ytre seg handlar ikkje om å vere høglydt – det handlar om å vere tydeleg, gjennomtenkt og tru mot eigne verdiar.
I samarbeid med lokalavisa NYSS inviterer Favn til skrivekurs med fokus på meiningsytringar, innlegg og artiklar. Målet er å gi deltakarane tryggleik og verktøy til å formulere eigne tankar på ein reflektert og sakleg måte – også når ein veit at ikkje alle vil vere einige.
Vi utforskar mellom anna:
- Korleis byggje opp eit godt og overtydande innlegg
- Korleis stå støtt i eigne meiningar
- Kvar ein kan hente motivasjon og støtte
- Korleis møte ueinige stemmer med integritet
For lokalavisa er det viktig å få fram fleire kvinnelege stemmer i det offentlege ordskiftet. For Favn handlar dette om psykologisk tryggleik i praksis – å finne motet til å ytre seg, og tryggleiken til å stå i det.
Vi ønskjer å skape eit rom der fleire kvinner kan dele perspektiv, erfaringar og refleksjonar – på ein måte som løftar samtalen i lokalsamfunnet.
Velkomen til ein kveld for tankar, ord og mot.

