Tilbake til alle arrangementer

Dybdekveld: Økonomi, tryggleik og val i parforhold

  • DIS Kaffebar Skulevegen 11B, Sykkylven Norway (kart)

Kor godt rusta er vi økonomisk dersom livet ikkje går som planlagt?

På denne dybdekvelden i Favn løftar vi eit tema mange kjenner på, men få snakkar om:
korleis ta vare på seg sjølv økonomisk i eit parforhold ved samlivsbrudd eller dødsfall.

Gjennom kvelden blir det lufta problemstillingar innan:

  • juridiske forskjellar mellom gift og sambuar

  • rettar som sambuar – med og utan felles barn

  • kvifor sambuarkontrakt kan vere viktig

  • kva ein bør vere merksam på i moderne familiar (mine, dine, våre barn)

  • enkle måtar å sikre seg gjennom avtalar som testament og kontraktar

Dette er ein kveld for å få oversikt, bli bevisst og reflektere.

Det blir ikkje gitt konkrete juridiske råd.

Vi set også av god tid til å sitje saman i mindre grupper og diskutere erfaringar, tankar og spørsmål.

Dette er ei samling som kan gi deg større tryggleik i eigne val, både no og i framtida.

Velkomen til ein viktig og relevant kveld med Silje Ervik Tafjord og Favn.

Stad: DIS

Dato: tirsdag 09. juni

Tid: 19.00-21.00

Gratis for medlemmar i Favn.

150kr for ikkje-medlemmar. Billett finn du i VIPPS (27748).

Påmelding finn du her.

Forrige
Forrige
29. mai

Cowork-friday

Neste
Neste
28. august

Cowork-friday